Innledning
Bakgrunnen for delprosjekt 2.2 er i hovudsak skissert under kap. 1 Innleiing. I Interreg IIIC-prosjektet Euromountains.net er produkt frå fjellregioane eit hovudtema. På seminara i Flåm og Rauland har det og vore stor semje om at produkt, og spesielt matprodukt frå fjellregionar, er eit aktuelt og viktig tema å bygge samarbeid omkring.
Målet
Målet er å avklare kva eit samarbeid omkring produkt bør konsentrerast om. Vidare å førebu innspel til og deltaking i utveksling av idéar og erfaringar innafor nettverksprosjektet Euromountains.net.
Rammer
Finansielt innafor den ramme som KRD har stilt til disposisjon for utvikling av det norske partnerskapet. Tidsramma er om lag ½ år, frå desember 2002 til juni-juli 2003.
Organisering
Prosjektavsvarleg: Egil Nestande, Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Kontaktpersoner for de forskjellige fylkene finner du her >>
Aktiviteter
A: Avklaring
I dette ligg både å finne aktuelle samarbeidsprosjekt, og ei avklaring av kven (kommunar, regionar, organisasjonar, nettverk) som er interesserte i å delta i eit fjellregionsamarbeid og evt. Euromountains.net. Vidare ei drøfting av behov og forventningar til samarbeidet. Kva er vi ute etter? Kvar ligg problema? Kva kan vi bli betre på? (unytta ressursar, nyskaping, produksjonsteknikk, marknadsføring m.m.)
B: Nettverksbygging - erfaringsutveksling
Kjeldene for erfaringsutveksling er på langt nær er utbrukt. Framleis er vel så mykje å hente frå tiltak/prosjekt som er i gang eller er gjennomført, som frå det vi måtte få i gang av (nye) fellesprosjekt. Kontakta mellom viktige aktørar (fylkeskommunen, fylkesmannen, kommunane, SND) både internt i kvart fylke og mellom fylka bør derfor utviklast til aktive nettverk. Vidare er det viktig med informasjon om kva som finst av erfaringar/ gode eksempel (prosjekt, enkelttiltak, nettverk) i kvart fylke. Oppland har ei svært bra oversikt over kva som finst av aktivitetar og prosjekt på matområdet i fylket. Sogn og Fjordane arbeider med ei liknande oversikt, og prøver også å lage ei tilsvarande oversikt for småindustri/ handverksbedrifter.
C: Aktuelle prosjekt
I utvikling av samarbeidet er det mest interessant å prøve å få til fellesprosjekt der også sentrale myndigheiter kan bli med. Med den store interesse og fokus på matkultur, lokal mat osv. er det mest aktuelt med fellesprosjekt på matområdet. Dette vil og vera naturleg ut frå den nasjonale satsinga gjennom Verdiskapingsprogrammet for norsk mat. Alternativ til fellesprosjekt kan vera parallellprosjekt i kvart fylke, med tett erfaringsutveksling mellom prosjekta.
Eksempel 1: Utvikling av småsamvirke.
Dette er alt tatt opp som evt. nytt prosjekt i samband med revisjon av fylkesplanen i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen er at det alt er fleire produsentmiljø som er i ferd med å utvikle fellesløysingar for produksjon, lokal foredling og marknadsføring av lokal mat. Slike fellesskapsløysingar vil vera meir rasjonelle enn at kvar enkelt bonde etablerer foredling på eigen gard.
Formålet med eit pilotprosjekt vil vera å utvikle/ prøve modellar for "Ny generasjon samvirke" (kjent m.a. frå USA) tilpassa norske forhold. Viktige prinsipp for denne type samvirke er:
- større delar av verdiskapinga til bonden gjennom vertikal integrasjon
- større ansvar og deltaking i marknadsføring frå bonden f.eks. gjennom leveringsavtalar
- klyngelokalisering av produsentar og spesialisert produksjon
Eksempel 2: Matpilot (Oppland).
Eitt eller fleire av desse kan "løftast opp" og utviklast til fellesprosjekt over fylkesgrensene.
Eksempel 3: Kompetanseutvikling.
Samarbeid og kopling mellom det Regionale kompetansenavet for VestNorge (Aurland, Sogn og Fjordane) og Senter for matkultur as (Lom, Oppland) kan vera
utgangspunkt for eit felles kompetanseutviklingsprosjekt. (Tilgang på kompetanse er sterkt etterspurt mellom småskalaprodusentar).
Eksempel 4: Marknadsføring - merkevarebygging.
Distribusjon er nær knytt til merkebygging. Kjerna i all merkevarebygging er differensiering. Høgkvalitetsprodukt og produkt med ei kulturell historie har i dag sterkare vekst enn bulkprodukt. For småprodusentar er det avgjerande å kunne kommunisere meirverdien som er knytt til produktet for å rettferdiggjera ein høgre pris.
To parallelle strategiar er aktuelle for merkebygging og markandsføring av spesialprodukt:
- Utvikle større regionale produkt etter fransk "terroir-modell" med AOC-merke (Appelation Origine Controllée) som er innretta mot ein større marknad for kvalitetsmat nasjonalt og internasjonalt. (jfr. visjonen i Brimi-prosjektet: Ottadalen som Norges Toscana).
- Utvikle mindre lokale spesialitetar med kulturelle røter og gastronomiske særtrekk, og som er innretta mot lokalmarknaden og reiselivsmarknaden.
Parallelt med utvikling av varemerke må det arbeidast med leveringsavtalar og distribusjonsløysingar som er tilpassa konseptet.